No har dei blitt store og i kveld spelar dei på Vesle Kinn

August Kann og Aksel Undset.

August Kann og Aksel Undset. Foto:

FLORØ: To nye up-and-coming artistar gjestar Florø laurdag.

DEL

August Kann er ein jazzsongar frå Ski som syng og spelar gitar. Han beskriv musikken sin som enkel - men ein skal ikkje la seg lure. Musikken er full av referansar til legender som Paul Simon og Nick Drake, men også nyare artistar som Bon Iver og Thomas Dybdahl. Debutalbumet til Kann, "How did all these people get into my room", kjem ut allereie 14. juni, og Kann er allereie booka for jobbar i Storbritannia. Kanskje har du allereie høyrt han på radio, for fleire singlar er ute i samband med plateutgjevinga.

Aksel Undset er en norsk singer-songwriter og multi-instrumentalist, busett i London. Han gjekk ut med bachelor i jazzgitar ved London College of Creative Media i 2016 og har sidan spelt i ei rekkje prosjekt, inkludert hans eige band Caper Parade og saman med artist Brooke Sharkey. Tekstane til Undset er inspirert av livserfaringar, tankar og idear rundt kjærleiken og livet, medan musikken har spor av dei store låtskrivarane frå 60- og 70-talet som Leonard Cohen, Joni Mitchell og Paul Simon. Ein sterk undertone av blues kjem spesielt fram i gitarspelet hans.

Så om du kjenner for å snuse på litt ny og spennande musikk laurdag kveld, er det berre å legge turen innom Vesle Kinn.

Artikkeltags