Sjå kven som kjem til Utkant

Svenske Jason Diakité, betre kjend som Timbuktu kjem til Utkant i juli.

Svenske Jason Diakité, betre kjend som Timbuktu kjem til Utkant i juli. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Svensken vert aller første artist ut på årets Utkant18, den 26. juli.

DEL

- Musikken til Timbuktu er god-stemning fra ende til annan og passar perfekt inn på Utkant. Dette blir ein skikkeleg kickstart på festivalen, slår festivalsjef Viggo Randal fast, meddelar Utkant.com.

Før jul blei det klart at heile Norges rap-konge Lars Vaular, vinnarane i klassen "rock" under årets Spellemann-utdeling, Sløtface, og sørlendingen med dei vakre, rocka visene, Erlend Ropstad også står på plakaten for Utkant 18.

Har stått på ønskelista

Timbuktu har i mange år prisvinnande svensk rap og har toppa festivalplakatar i store deler av verda.

- Det å få på plass Timbuktu til sommaren er ikkje mindre enn heilt konge! Det måtte jo ordne seg til slutt, sier Viggo Randal som har hatt svensken på ønskelista i fleire år.

Det var låta, og albumet, "Alla vil til himlen men ingen vil dö" som sørga for at skåningen fekk det store gjennombrotet i 2005. Men Timbuktu hadde ei karriere med stor grad av suksess på svenske og danske rap-scener lenge før den tid. Karrieren starta på 90-talet og i 2000 kom den første plata.

Timbuktu fekk i 2011 Nordens språkpris. Prisutgivar Foreningen Norden begrunna dette med at Diakité «med innleving og sosialt engasjement, medverkar til å styrke det skandinaviske språkfellesskapet. På sin skånske dialekt begeistrar han tusenvis av menneske på tvers av grensene i Norden.»

Timbuktu har ord på seg for å levere gode liveshow - så her er det berre å kjenne si besøkstid.

Artikkeltags