Snart syng han i ei kyrkje nær deg

Bergen  20140819.
Didrik Solli-Tangen fra "Skal vi danse" under TV2s  høstlansering 2014 på  Verftet I Bergen tirsdag.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Bergen 20140819. Didrik Solli-Tangen fra "Skal vi danse" under TV2s høstlansering 2014 på Verftet I Bergen tirsdag. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Etter suksessen i Stjernekamp reiser no Didrik Solli-Tangen rundt på turné. Han vil fortelje historia si om korleis songen greip han som 15-åring, den klassiske utdanninga, sigeren i Melodi Grand Prix i 2010, og vegen fram til der han er i dag. Han vil synge songane som har prega han og betydd mykje for utviklinga hans. Det vil vere innslag fra musikalar, pop, opera og viser.

Ideen bak denne turneen er det intime og den direkte kontakten med publikum. Difor reiser Solli-Tangen no rundt med ein enkel produksjon for å besøke små kyrkjer, og håpar slik å skape ei unik stemning.

På det varierte repertoaret vil mellom anna Robbie williams sin "Feel", Simon and Garfunkel sin "Bridge over troubled Water", og folkevisa "Gjev meg handa di ven" stå. Sjølvsagt vil ein også få høyre "My heart is yours", som vart det store gjennombrotet til Solli-Tangen i MGP.

Didrik Solli-Tangen kjem til Stavang kyrkje onsdag 2. mai.

Artikkeltags