I år kan du gå på Festspill-konsert i Skjerjehamn

Det spørst om det blir like fullt under Festspill-konsertane som det er under Utkant. Men dei er lagde til pinsehelga, så med fint vêr kan det godt vere mange som vil ut og lufte båten.

Det spørst om det blir like fullt under Festspill-konsertane som det er under Utkant. Men dei er lagde til pinsehelga, så med fint vêr kan det godt vere mange som vil ut og lufte båten. Foto:

Den urbane kulturfestivalen utvidar nordover leia.

DEL

Florøværingar er vel vande med å hive seg i båten for å nyte musikk på Skjerjehamn - Utkant-festivalen har i alle år hatt ein stor og entusiastisk florødelegasjon. Nytt av året er det at du no også kan nyte musikk i eit litt anna format: Festspillene i Bergen på Skjerjehamn. I år legg dei opp til to konsertar på den vakre handelsstaden.

Fredag 29. mai kjem nordnorske Moddi til Pakkhuset. Om han skriv Festspillene på sine nettsider:

"Moddi er blitt kalla ein musikar som verkeleg vil noko: Å gi verda den musikken den treng. Hans ferskaste plate Like in 1968 frå 2019 er ei feiring av kvardagsaktivismen og tek for seg tema som norsk våpeneksport, maktspel, klimakrise og viktigheita av å bry seg."

Søndag 31. mai er det ein tenor og ein pianist som utfaldar seg i Villaen: Eirik Johan Grøtvedt heiter tenoren, medan pianisten er Eirik Haug Stømner. Dei ønskjer å vise fram den vakraste musikken frå den norske romansetradisjonen, men vil også introdusere nokre mindre kjende komponistar som fortener plass på den norske konsertscenen. Ein av dei er Sogn og Fjordane-komponisten Johannes Haarklou, som levde mellom 1847 og 1925. Desse to skal også spele i Håkonshallen.


Artikkeltags