Cash Commitment hyllar mannen i svart frå bedehusscenen i morgon

Cash Commitment spelar i Rognaldsvåg bedehus fredag 4. oktober: F.v. Kine Steen Holst, Hans Ulviken, Bjørn Bakke og Bengt Jacobsen.

Cash Commitment spelar i Rognaldsvåg bedehus fredag 4. oktober: F.v. Kine Steen Holst, Hans Ulviken, Bjørn Bakke og Bengt Jacobsen. Foto:

ROGNALDSVÅG: Tribute-gruppa Cash Commitment leverer ein dempa, akustisk versjon av The Man in Black sine mange klassikarar.

DEL

Walk The Line, Big River, Folsom Prison Blues - eller dei uforgløymelege duettane mellom Johnny Cash og kona June Carter. Alt saman får kan opplevast i Cash Commitment sin versjon i bedehuset i Rognaldsvåg fredag.

Cash Commitment består av Bengt Jacobsen (gitar/song), Kine Steen Holst (song), Bjørn Bakke (trommer) og Hans Ulviken (kontrabass). Det var Jacobsen som starta bandet, etter å ha spelt i diverse heavy rock-band.

Jacobsen, med ei fortid som rockemusikar seier til Indre Akershus Blad at han for alvor fekk auga opp for Cash då denne gjorde sitt comeback på 90-talet. Han peikar spesielt på Cash si evne til å skrive tekstar som kjennast tidlause den dag i dag.

– Det er difor musikken hans treff stadig nye generasjonar. Han levde eit hardt liv og våga å framstå som sårbar.

Namnet Cash Commitment har dei valt ettersom alle i bandet verkeleg er heilfrelste på countryikonet. I tillegg har dei valt å vere akustiske i si framføring.

– Det er mange Cash-coverband der ute, men vi prøver å køyre dempa versjonar. Då blir det meir særeige, meiner Jacobsen, som også fortel anekdoter frå Cash sitt liv under konsertane.

Konserten er lagt opp slik at det er mogleg å ta båten både fram og tilbake frå Florø. Det vil vere middag å få kjøpt i skulen før konserten, og om ein droppar båten heim klokka 20.30, kan ein velje å gå på pub same plass etter konserten.


Artikkeltags