Prog-legender til Sunnfjord

Junipher Greene til Førde

Junipher Greene til Førde Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Lula Mae og Junipher Greene med dobbeltkonsert.

DEL

Om du er interessert i progrock - og det er faktisk mange i Sogn og Fjordane - så bør du setje av laurdag 18. juni. Då kjem ingen ringare enn legendariske Lula Mae på Førde-besøk.

Definerte prog i fylket

Lula Mae var eit Høyanger-band med innslag av medlemmer frå Førde. Opp gjennom heile 70-talet var dei eitt av fylkets dominerande band, og langt på veg definerte dei progrocken i Sogn og Fjordane. Bandet spelte drivande rock, med inspirasjon både frå engelsk og amerikansk musikk.

Du kunne kjenne igjen legendariske band som Free, Deep Purple og norske Aunt Mary, når gitarane til Vidar Nygård og Terje Øvrebø sette i, og vokalen til Ove Bakketun var med å sceneshowa til intense opplevingar.

Lula Mae vart i einskilde miljø omtala som Sogn og Fjordane sitt svar på Aunt Mary. Bandet fekk sin reunion under byjubileet i Høyanger i fjor haust, og er klar til å opptre saman med eit anna stort namn Scandic Sunnfjord 18.juni.

Laga rockeopera

Dit kjem også Oslo-bandet Junipher Greene. JG blei danna i 1965 og var opprinneleg eit bluesband. På Sandaker skule fann ein gjeng unggutar kvarandre, og fleire av namna deira har blitt ståande i norsk musikkhistorie: Geir Bøhren, Øyvind Vilbo og Bent Åserud (gitar). Nokre år seinare kom Freddy Dahl med som vokalist, og då endra bandet sitt sound og stil seg. Inspirert av utanlandsk progrock, kom meir eksperimentering og utforsking, og bandet tok raskt steget ut frå kjellarlokala til å bli storseljarar på plate og med legendariske konsertar.

Det kunstneriske høgdepunktet er kanskje plta "Frendship", noko så uhøyrt som ein rockeopera utgjett av Arne Bendiksen sitt selskap Sonet, og dette blei faktisk også Norges første dobbeltalbum. Harald Are Lund skreiv tekstar for bandet og produserte, og coveret på plata blei måla av ein ung kunstnar ved namn Odd Nerdrum. plata blei i ei nasjonal kåring i 2007 utpeikt som tidenes beste norske rockeplate.

50 år som band

Seinare blei bandet fast husband på legendariske Club 7 i Oslo. Dei spelte store scener på festivalar som Ragnarock og Kalvøya, og fekk også oppvarmingsjobbar for Deep Purple og Sweet. I 1982 var det slutt, og medlemmane gjekk kvar til sitt. Bøhren og Åserud blei m.a. eit begrep innan filmmusikk, og vann Amandaprisen for musikken dei laga til filmen "Orions Belte" i 1985.

Den første gjenforeininga kom i 2008, og i fjor starta Junipher Greene å feire bandets 50-årsjubileum.

Og no ventar Førde og Scandig Sunnfjord hotel,  i lag med åndsbørne i Lula Mae.

Artikkeltags