Vestlandsfanden byr til dans i Norddalsfjord

Reidar Brendeland i Vestlandsfanden

Reidar Brendeland i Vestlandsfanden Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Sett av 1. juli i kalenderen, då speler nemleg Vestlandsfanden til dans i Norddalsfjord.

Det å få eit band som er kjend nasjonalt er eit steg opp for Heimhug Ungdomslag, som kvart år arrangerer sommardans i Norddalsfjord. I år blir det utekonsert på Solheim skule.

– Sommardansen er eit fantastisk arrangement som har vært tradisjon i alle år. Her samlast folk frå fleire generasjonar for å danse, prate og ha det kjekt. Det er ikkje bare Norddalsfjordingar som kjem på dans. Folk strøymer til frå Florø, Eikefjord og øyane.  I år ønsker vi at ekstra mange skal strøyme til for å oppleve vår fantastiske tradisjon, og dermed har vi bestilt Vestlandsfanden som skal spele opp til dans for oss. Denne gongen ønskte vi å få til noko stort, fortel Elise Midtbø i Heimhug Ungdomslag til Firdaposten og strekar under:

Vestlandsfanden

Vestlandsfanden er ei norsk folk-rock-gruppe som vart danna i Haugesund i 1979.

Dei har vore nominert til Spellemanprisen, gitt ut 16 plater, vore på tv og radio fleire gonger. I tillegg har dei hatt topp-plasseringar på Norsktoppen.

– Sommardansen har mykje å seie for bygda. Vi ønsker å vise fram den fine bygda vår og ikkje minst synleggjere overfor omverda at det er liv i Norddalsfjord, seier ho men legg til at det er relativt dyrt for eit beskjedent ungdomslag å booke eit større namn som Vestlandsfanden.

– Heldigvis har vi fått sponsorar med på laget, og vi reknar med å jobbe ein heil del på dugnad, legg Midtbø til.

Dei skal også lage til campingplass for campingvogn og bubilar, der det også er tilgang på straum. I tillegg skal dei ordne båtplassar til folk som kjem reisande med båt. I tillegg blir det sett opp buss til og frå Florø og Førde.

Heimhug Ungdomslag: Bak frå venstre: Espen Midtbø, Atle Eikevik, Erik Kleiven, Vilhelm Midtbø 
Framme frå venstre: 
Elise Midtbø, Lasse Midtbø, Mathilde Midtbø

Heimhug Ungdomslag: Bak frå venstre: Espen Midtbø, Atle Eikevik, Erik Kleiven, Vilhelm Midtbø Framme frå venstre: Elise Midtbø, Lasse Midtbø, Mathilde Midtbø Foto:

Artikkeltags