Null meter over havet - nærare fjæresteinane er det ikkje mogleg å halde konsert.
Anne Marit Seljeseth

Heilt på kanten på Fanøy

SOMMARBYEN 2017: Det blir både ein gjengangar og ei gjenforeining under årets bryggekonsert på Batalden Ishus.
Av
Publisert
DEL

For andre gong i historia blir det arrangert konsert på kaikanten på Fanøy utanfor det nyrestaurerte ishuset som tradisjonelt blei brukt til å lagre is til fiskebåtane, og det skjer fredag 9. juni.

Her kan du høyre Forza, eit av to band som speler på bryggekonserten.

- Konserten får ti av ti

Shan spelte i fjor og kjem att i år. Bandet har utspring på Musikkonservatoriet i Kristiansand. I fjor gjorde akutt sjukdom at ein gjestevokalist måtte hentast inn, i år kjem dei att for å vise leadvokalist Emilie Bjørnstad kva ho gjekk glipp av.

Etter fjorårets konsert skreiv Firdaposten: Bandet leverte sju sjølvkomponerte låtar, alt frå rolege balladar til meir hårete poprockmelodiar. Per Vidar Ottesen, Florø sin rockeentusiast nummer ein og mangeårig leiar av Rockeklubben, hadde teke turen eins ærend for å høyre på kristiansandbandet.

– Dette var noko av det beste eg har høyrt på lenge, sa ein oppglødd Ottesen etter konserten.

– Mykje godt samspel, topp standard på lyd og mange gode musikkuttrykk. Eg gir 10 poeng og håper på reprise neste år, sa Ottesen før han suste inn att til Florø med sin raske båt.

Frå by:Larm til Ishuset

I år er det Forza som er det verkeleg store trekkplasteret. Bandet er komne saman att etter ein pause. Dei held sin første konsert på fleire år ved Ishuset.

Før avbrekket turnerte dei på festivalar som Hove og by:Larm, og dei kunne høyrast på P2 Jungeltelegrafen og i Urørtfinalen på P3.

Forza sprenger grenser med sin miks av hiphop og rock med innslag av verdsmusikk. Musikken kryssar balkanske fjell, persiske stepper og bakgater i Buenos Aires.

Blir dette årets konsert i Flora?

Artikkeltags