Konsert i haustfargar

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Hausten er enno ikkje over og det vil kulturskulen markere med haustkonsert i Florø Kyrkje.

DEL

Onsdag 7. november vert det haustkonsert med Flora Kulturskule i Florø Kyrkje.

Spente kulturskuleelevar som har øvd flittig lenge, vil igjen innta Florø kyrkje med song, musikk og dans, for å markere kulturskulen si haustforestilling som i år har fått namnet "konsert i haustfarger".

- Onsdag 7. november er det berre å møte opp i Florø kyrkje og nyte musikken frå kulturskulen si haustforestilling. Dette vert ein konsert i eit meir akustisk format, der elevar og lærarar spelar musikk og verker frå mange kjende komponistar som Mozart, Händel, Bach med fleire. Ta dykk tid til å møte i Florø kyrkje for å lytte til musikk og song frå mange flinke og talentfulle elevar, på ein ellers mørk og haustleg novemberkveld oppfordrar Arne Sunnarvik, rektor ved kulturskulen.

Artikkeltags