Eikefjordkoret Koriander opna dørene og inviterte til Korpub på Allhuset laurdag. Jomentum og Brandsøykoret takka for invitasjonen og stilte sine stemmer til disposisjon.
I tillegg til dei tre kora var det opne dører for dei som ville innom for å høyre. I gangen stod mellom anna rullatorane parkert av korfrelste eldre som hadde teke seg dei 50 metrane frå omsorgssenteret for å gå på pub.
Kvelden starta noko lågmælt der kora sat på kvar sitt bord. Men allereie på den første tonen frå heimekoret Koriander, med dirigent Brigt Samdal i spissen, var heile Allhuset dus.
Les meir om korpuben i papiravisa tysdag