Kjenner du ei lita jente som ville passe som Sygni i Kinnaspelet?

SYGNI: Mange har prøvt seg i Sygni-rolla. Oppe f.v.: Reidun Melvær Berge, Engel Eikås Tansøy, nede f.v.:  Turid Reksten og Marte Hollevik.

SYGNI: Mange har prøvt seg i Sygni-rolla. Oppe f.v.: Reidun Melvær Berge, Engel Eikås Tansøy, nede f.v.: Turid Reksten og Marte Hollevik. Foto:

FLORØ: Eks-Borni jaktar ny Sygni.

DEL

I 1985 blei Kristin Orre den aller første Sygni i Kinnaspelet. Sidan den har mang ei jente vore innom rolla. Ho som har spelt Sygni i Kinnaspelet dei siste åra, Engel Eikås Tansøy, har no vakse ut av rolla. Regissør Oda Alisøy, som har spelt både Sygni og Borni, jaktar no på Engel sin arvtakar.

– Eg leitar etter ei jente på mellom 8 og 11 år som har ein liten skodespelar i magen, aller helst frå nærområdet, seier Oda og legg til at det å få ein av hovudrollene nok er ein liten draum blant dei små i bygdefolket. Også for henne.

– Eg var dessverre ein av dei som hamna midt mellom Sygni og Borni. Eg fekk berre eitt år som Sygni før eg blei for gammal. Men eg hugsar framleis kor stort det kjendest, smiler Alisøy.

Det blir audition for dei som ønsker å prøve seg som Sygni 16. februar. Sjølv om det er i vinterferien, strekar Alisøy under at foreldre til Sygni-kandidatar berre må ta kontakt med ho for å ordne ein alternativ dato for audition.

– Audition kjem til å bli kjekk. Jentene skal få øve heime på eit lite utdrag frå rolla. Under audition blir det nokre små dramaøvingar og så leiker vi litt, sånn at vi blir trygge på kvarandre, seier Oda men strekar likevel under:

– Samstundes er det berre ei som kjem til å få rolla, det er viktig å vere klar over.

Du kan melde deg på med å sende ein e-post til oda.alisoy@gmail.com.

Artikkeltags