– Eg kjenner på ansvaret

Fysisk: I ein frukostprat fortel Jeff Pedersen at han kjenner ansvar for oppgåva som regissør for det eldste sogespelet i Norge. Det same gjer skodespelarane. – Alle som er med tek jobben på høgste alvor, så eg håpar folk kjem og ser kva dei har jobba så hardt for, seier han.foto: liv Standal

Fysisk: I ein frukostprat fortel Jeff Pedersen at han kjenner ansvar for oppgåva som regissør for det eldste sogespelet i Norge. Det same gjer skodespelarane. – Alle som er med tek jobben på høgste alvor, så eg håpar folk kjem og ser kva dei har jobba så hardt for, seier han.foto: liv Standal Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

himmel & havSidan laurdag har han vore i byen og jobba med Kinnaspelet, men idear har han samla i mange år.

Jeff Pedersen gifta seg på Kinn for 15 år sidan. Det var før han hadde sett Kinnaspelet - eller noko som helst anna spel, for den del.

– Kona mi var heilt overbevist om at det var den mest spesielle plassen i verda. Så om vi skulle velje, måtte det bli Kinn, smiler han.

– Eg er ein innvandrar

Etter kvart har han også sett Kinnaspelet ein del gongar. Trass alt er det svigerfaren hans (Rolf Losnegård) som har skrive det, og kona Idun Losnegård har hatt rolla som prestefrilla Margrete dei siste åra.

– Og no kjem du. Kor viktig er det for deg å sette ditt preg på stykket?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Eg skjønar kva du meiner og skal ikkje late som eg ikkje har tenkt på det. Men eg tenker ikkje på det når eg jobbar som regissør. Då ser eg på kva som er viktig for historia, ikkje for meg sjølv. Men det er spesielt for meg at eg som innvandrar får vere med på noko som er så viktig for området, så eg kjenner ansvar.

"Første gong eg såg Kinnaspelet forstod eg ikkje noko, då opplevde eg alt visuelt. Men du treng ikkje kunne italiensk for å like Don Giovanni».

Jeff Pedersen

ny regissør for Kinnaspelet

– Trur du at du som innvandrar har eit anna blikk på spelet?

– Første gong eg såg det, forstod eg ikkje noko, då opplevde eg alt visuelt og forstod ikkje kva som vart sagt. Men eg synes det skulle vere mogleg å forstå alt saman visuelt - som med opera! Du treng ikkje kunne italiensk for å like Don Giovanni. Så mine idear hadde først med dette å gjere, før det vart meir fokus på teksten. Men eg har alltid sagt at alle som er på scenen må vere engasjerte fysisk.

Jeff har mellom anna bakgrunn som scenekamp-instruktør, og det har nok gjort at enkelte har forventningar til at kampscenene med vikingane skal gjennomgå ei utvikling. Men det synes ikkje Jeff er så det viktigaste.

– For meg er det mykje viktigare å etablere fare på scenen. Eg har forsøkt å gjere scenen farleg, for kvar person som er der. Kvart steg dei tek, må dei fortene. Om Borni berre får fridom, til dømes, og får snakke som ho vil til futen, er det mindre modig enn om ho får spydet mot halsen og gjer det likevel, forklarar han.

Sirkus på Kinn?

Han gjer merksam på at alle karakterane på scenen må ta eit val.

«Først er det heilt nært, så går ein vidt ut når ein leitar etter Borni. Det er nesten som filmteknikk»

– Presten seier at han ikkje kan vere både far og prest, men alle i stykket, inkludert Borni, er i same situasjon. Borni må velje mellom tru og kjærleik, mellom far og mor, prestefrilla må velje mellom det ho ønskjer og lojalitet, futen må velje mellom to prestar og så vidare.

Ein anna ting Jeff synes om på Kinn, er måten ein tek i bruke heile landskapet som scene.

– Noko av det første eg la merke til var at spelet vart vist på ein episk måte - nesten som filmteknikk; først heilt nært, og når dei leitar etter Borni går dei vidt ut. Då lener ein seg tilbake og tek inn heile området.

«Eg har brukt Reidun fleire gongar; ikkje for å vere snill, men fordi eg synes ho er fantastisk»

Ny av året, eller iallfall ny i rolla som Borni, er også Reidun Melvær Berge. Ho har vore med i Kinnaspelet i mange år tidlegare, og spelte også Sygni som lita. Men spelet på Kinn er langt frå første gong Jeff og Reidun arbeider saman.

– Eg har brukt Reidun fleire gongar. Det har eg ikkje gjort for å vere snill, men fordi eg synes ho er fantastisk, skryt Jeff.

Det er slett ikkje alt han vil røpe om helgas framsyningar på Kinn. Men noko, med potensiale til å bli ganske spektakulært opnar han opp om:

– Eg har ein sirkuskunstnar med meg, så det blir litt sirkus i stykket...

Kanskje ser han antydingar til vantru og sensasjon i journalistens auge, for han kunngjer kjapt:

– Ingen elefantar, altså!

Men teater er ei blanding mellom det realistiske og det magiske, og Jeff trur på å utvikle begge sider slik at dei forsterkar kvarandre.

– Og sirkus har jo ein slags fysisk magi, så det er på den måten eg brukar det her.

Så må ein altså til Kinn for å sjå kva Jeff legg i det. Han ønskjer velkommen:

– Alle som er med tek jobben på høgste alvor, så eg håpar så mange som mogleg kjem for å sjå kva dei har jobba så hardt for!

JEFF PEDERSEN

Amerikansk skodespelar, regissør og kampinstruktør, utdanning frå Guildford School of Acting

Driv eige produksjonsselskap

Mange års erfaring innan film, TV og teater

Har arbeidd som lærar i skodespelarteknikk på Arts Educational School i London, no på Bårdar Akademiet

Har regissert mellom anna Gaularspelet og Losnaspelet og framsyninga «Staveneset. Krig» i fjor

Artikkeltags