Vere med på tur?

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det er snart vår, og turlaga i distriktet vårt er på full fart ut i skog og mark. Manglar du noko å gjere på denne helga, er ein tur med turlaga ikkje eit dumt alternativ.

Det blir ikkje akkurat noko skigåing så lite snø det er komen i det siste, men Barnas turlag Keipen let ikkje mangel på snø legge hindringar i vegen. Søndag frå klokka 12.00 og utover er dei å finne ti minutt gange frå Langesjøvatn hyttegrend, der dei har sett opp ein stor lavvo med plass til mange, i tillegg til fleire bålpanner. Det blir både quiz, tautrekking og slakkline å balansere på.

Slik kan det sjå ut på avstand, sannsynlegvis frå Skorpa,  når sola skin gjennom Kinnaklova.

Slik kan det sjå ut på avstand, sannsynlegvis frå Skorpa, når sola skin gjennom Kinnaklova. Foto:

Mangelen på snø gjer derimot at Barnas turlag i Flora har måtte avlyse turen til Instedalen denne søndagen. Men Flora turlag kompenserer med solnedgangstur til Kinn laurdag. Her får du oppleve det magiske i det sola går ned mellom Kinnaklova. Kolbjørn Nesje Nybø blir med som historieformidlar på turen. Avreise Florø er klokka 14.30 laurdag.

Meir info finn du på turlaga sine facebooksider.

Artikkeltags