Som Per Øyvind Helle i HippHipp Flora spådde, vart Kim Larsen-konserten på Trovikkaia  fredag kveld heilt utseld.

Golden oldies

Det vil seie at 1800 menneske var samla oppover Trovikbakken og området rundt.

Det var trangt, men likevel ikkje slik at det vart ubehageleg. Hadde ein eit sterkt ønske om å komme heilt fram til scenen og oppleve den danske legenda på heilt nært hald, let det seg gjere med litt tålmod.

Dei aller fleste fekk nok det dei kom for då Larsen gjekk på scenen, nokså presis klokka 22. Men med ein så lang karriere, og ein slik låtkatalog i ryggen, er det også dømt til å verte slik at ikkje alle kan få servert sine favorittar.

Han starta med "Langebro" frå Gasonlin-æraen, slik han har gjort på dei fleste konsertane sine nyleg,  følgde opp med "Christianshavns Kanal" frå soloalbumet "Værsgo' (1973) og tok deretter eit langt hopp framover til "Forklædt som voksen" frå 1986, då han spelte saman med Bellami. Gamle og velkjende låtar trilla som erter frå ein sekk, og allsangfaktoren var skyhøg.

Larsen gjennomførte heile konserten sitjande. Han småprata litt nødtørftig mellom låtane, men elles bar konserten kanskje litt preg av at artisten var på jobb. Korte låtar utan særleg sprut. Responsen frå publikum var varm, men det var sjeldan applausen tok av.

Prikkfri logistikk

Etter to ekstranummer - aller sist signaturmelodien "Kringsatt af fjender", som Larsen la sin elsk på mange år før den vart trekt fram i samband med 22. juli her heime - var det slutt.

Det gjekk problemfritt føre seg då dei mange hundre menneska skulle forlate området etter konserten. Som arrangement var dette nærast etter boka, trass i at det ikkje har vore gjort før - med så stort publikum, iallfall.

Einaste måtte vere at ein del etterlyste fleire toalett. Dei to utestadane Hjørnevikbua og Blomsterhagen kunne sjølvsagt ikkje ta unna ei slik folkemengd sine toalettbehov, og det ekstra toalettet som var sett opp, vart for lagt unna for dei som stod i andre enden når området fylte seg opp.

Men alt i alt var det ein svært triveleg kveld i selskap med Kim - og alle dei andre 1800.