Kan bli årets UKM - kommune

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Flora kommune er ein av ni nominerte til "Årets UKM-kommune 2013".

DEL

Årets UKM-kommune skal ha utmerka seg i eige fylke gjennom ei særleg satsing på UKM i 2013. Moment i nomineringa er bruk av ungdom i planlegging, gjennomføring, marknadsføring og dokumentasjon av mønstringa, nettbasert kommunikasjon, sjangerbreidde og heilskapstenking, og samarbeid mellom kulturskule, skule, Den Kulturelle Skulesekken og lokale kulturaktørar. Kvalitet på mønstringa, og målbevisst arbeid for å forankre UKM og stimulere og synleggjere ungdomskulturen er andre viktige moment.

Dobla talet deltakarar

Flora kommune har i år revitalisert heile organiseringa av UKM. Det har vore eit samarbeid mellom kulturskulen og kulturavdelinga i kommunen. BILDE: UKM i Florø 2013

- Vi utmerka oss i fylket ved at vi dobla talet deltakarar lokalt og hadde flest deltakarar i fylkesfinalen, med 21. Selve UKM var i år todelt i Florø. Først var det ein kick-off der ungdom frå heile Sunnfjord var invitert, og så var det sjølve UKM som gikk over ein heil laurdag i Flora samfunnshus, og enda opp med "nachspiel" på ungdomshuset Haffen, fortel Torgeir Halvorsen, lærar ved Flora vidaregåande skule og tilsett ved kulturskulen.

Ei ungdomsbedrift frå Flora vgs. stod for gratis servering heile dagen.

Ungdom i alle ledd

- Ungdom er brukt i alle ledd, dei har hatt oppgåver som artistvertar, scenearbeidarar, konferansierar, juryvertar, kunstformidlarar, rekrutteringspersonell og journalistar, fortel Halvorsen, som takkar Flora vidaregåande skule for fristilling av elevar og lærar, og Firdaposten for å gi to ungdommar fri spalteplass i tida før, under og etter UKM.

Både vaksne og ungdom frå kulturskulen har vore sterkt representert på arrangørsida, og på deltakarsida har det vore veldig mange elevar frå kulturskulen, spesielt på kunstsida.

- Gjennom å tenke nytt og involvere ungdommar i organiseringa har UKM i år blitt godt synleg i lokalmiljøet, og ungdomskulturen har fått vist seg fram frå fleire sider både på og bak scena. Noko vi er ekstra stolt av er utveksling av jury med Naustdal og Førde, slik at all juryering har føregått utan slektskap eller kjennskap inne i bildet. I tillegg var det hyggeleg at ordførar Bengt Solheim-Olsen opna både kunstutstilling og sceneinnslag, i tillegg til å vere tilstades på alle generalprøvene, seier Halvorsen.

Artikkeltags