Hellbillies skal ha konsert i Kalvåg

Hellbillies

Hellbillies Foto:

KALVÅG: Lovar mange klassikarar.

DEL

Hellbillies – eit av Norges aller mest suksessrike rockeband – skal ha konsert i samband med Kalvåg Kystfestival. Konserten i Kalvåg er fredag 2. August. Det melder Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg måndag morgon.

Hellbillies-vokalist Aslag Haugen lovar at Hellbillies vil spele varierte sett i Kalvåg, med låtar frå så godt som alle platene i bandet sin katalog. Det har blitt elleve studioalbum opp gjennom åra, så det er mykje å ta av. 

Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg er svært fornøgd med bookinga av Norges beste live- band, og freistar med ein kompakt festivaloppleving, der hamna i Kalvåg vil vere midtpunktet.

Artikkeltags