Tøttene lovar allsongparty i Kalvåg

TØTTER: Tøttene i Kalvåg songlag har framført mange gode juleshow, men i sommar sparkar dei i gang festivalhelga i Kalvåg.

TØTTER: Tøttene i Kalvåg songlag har framført mange gode juleshow, men i sommar sparkar dei i gang festivalhelga i Kalvåg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KALVÅG: Kalvåg songlag med to show festivalhelga.

DEL

Torsdag 2. august opnar Tøttene i Kalvåg songlag festivalhelga i Kalvåg med det første av to show. «Tøtter på torsdag» er namnet på det første showet denne herlege gjengen med dyktige kordamer skal framføre på utescena Knutholmen. Det blir mykje god musikk, mykje latter og eit knallbra husband, fortel dirigent Grete Berntzen.

– Det blir høg allsong- og partyfaktor, med musikk for ein kvar smak. Eg håper publikum skal få både gåsehud, ein god latter og få synge med av full hals, seier ho.

Som vanleg har tøttene med seg dyktige gjesteartistar: Norvall Klungresæter og Trond Strand er sjølvsagt med. Kristian Aga Ulvestad frå Kalvåg bur for tida på Elverum der han jobbar som kelner. Men han har også fleire mindre skjulte talent, fortel Berntzen.

– Han er ein utruleg morosam skodespelar, og han skal også synge. I tillegg til han skal to av tøttene våre, Mia Belseth og Linn Belseth Heldal vere solistar, og kanskje kjem det nokre andre overraskingar, seier ho.

Festivalkoret, som til vanleg er betre kjend som Kalvåg Songlag, framførte showet «Fiskarbonden» frå scena på Amtskaia i helga. Her kan du sjå eit lite utdrag, medan du håpar på ei ekstraforestilling.

I samarbeid med Kalvåg Kystlag og Kystfestivalen leverer tøttene eit anna show på laurdag. «Ta roret kjerring» er eit familieshow dei skal spele på Amtskaia, med tematikk henta frå kystfestivalen. Også her har dei fått med lokale talent: Trompetist Henry Gleditsch Kleive og songar og skodespelar Alf Reidar Vadøy. Her skal Kristian Aga Ulvestad delta også. Jorunn Frøyen har skrive manus til begge showa.

Artikkeltags