Sel festivalpass til Kystfestivalen-konsertane som aldri før

Kalvåg

Kalvåg Foto:

KALVÅG: Kystfestivalen ser ut til å bli ein vel så stor folkefest som i fjor.

DEL

Fram til i dag tysdag hadde dei førehandsselt 1300 festivalpass til dei to konsertane som blir arrangert under Kystfestivalen i Kalvåg første helga i august. I alt er det plass til kring 2000 personar på kvar konsert fredag og laurdag.

– Samanliknar du salet av festivalpass med salet på same tida i fjor, har vi hatt ei auke i salet på tett oppunder 30 prosent. Så langt har vi selt for 1,4 millionar kroner, seier arrangør Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg.

Ser du det i samanheng med kor mange som har tinga båtplass og bubilplass til årets festival, ser det absolutt ut til å bli eit storinnrykk av festivalpublikumarar til Kalvåg: 19. juli i fjor hadde dei selt 96 båtplassar. 19. juli i år hadde dei selt så mykje som 126 båtplassar. Og i fjor selde dei 210 bubilplassar. Så langt er talet tinga bubilplassar 170, og Vatsø reknar ein fort bikkar 200 bubilar på bubilparkeringa.

– Alt i alt ligg det an til eit rekordbesøk til Kystfestivalen. Det er utruleg kjekt, og viser kjempepotensialet festivalen har. No bør folk verkeleg hive seg rundt og bestille billettar, seier Vatsø.

Han trur mykje av grunnen til at dei har selt så mange festivalpass til konsertane er at dei har sikra seg to folkekjære artistar: Hellbillies og Salhusvinskvetten. Fredag byrjar med Hellbillies-konsert, før det blir show med røter i NRK-tvserien Hit for hit. Ein så langt hemmeleg artist avsluttar fredagskvelden. Laurdag byrjar med Vinskvetten, før Kokken Tor avsluttar ballet.

– Vinskvetten er dei som sel mest. Det er faktisk ein del trufaste Vinskvetten-fans som legg turen til Kalvåg i år, seier Vatsø.

Artikkeltags