Sigrid Moldestad kjem til Kalvåg Kystfestival laurdag 4. august, avslører Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg.

- Vi veit at ho har eit sterkt publikum i heimfylket - nyleg selde ho ut operahuset på Nordfjordeid, seier han.

Han trur ikkje Moldestad har vore i Kalvåg før. Ho skal spele på hovudscenen laurdag 4. august.

- Vi flyttar som kjent heile konsertområdet til Knutholmen. Då får vi ein mykje meir publikumsvennleg festival, ein komme med båt og ligge inne på festivalområdet. Eg trur dette blir eitt av dei flottaste kontsertområda i Norge!

Sigrid inviterer deg til Kalvåg! (Video av Svein Arild Vatsø.)

 

Det vil seie at dei har fått ei sterk helg med to folkekjære artistar; Åge Aleksandersen og Sigrid Moldestad. I tillegg spelar Spik Adel på laurdagen.

- Vi utelukkar ikkje at vi kjem med fleire artistar. Men vi er veldig nøgde med dei vi har booka til no, og vi har aldri oppelvd slikt førehandssal før. Alle våre indikatorar peikar på at det blir publikumsrekord i august.

Vatsø seier dei legg til rette for ekstra mykje båtar og det blir laga til for bubilar og campingvogner på Kalvøyna. Der blir det oppstilingsplass med straum, vatn, sanitæranlegg og alt ein kan ønskje seg.

- Vi jobbar med å få på plass ein hamneleiar som skal koordinere båttrafikken. No sel vi òg båtplassar. Vi ser at folk vil ha det, pluss at det gjer det lettare for oss å komme fram til kor mange som kjem.

- Vil det bety at dersom ein ikkje har kjøpt båtplass på førehand så vil det ikkje vere plass å få?

- Langt i frå. Det er alltid hjarterom i Kalvåg. Men vi ønskjer sjølvsagt å selje så mykje som mogleg på førehand.

Årets festival er eit samarbeid mellom Kystlaget, Knutholmen og Aktiv Kalvåg.