Kystnissen kom til torgs også i år

Kystnissen kom til torgs også i år.

Kystnissen kom til torgs også i år. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein stor flokk barn (og ein god del vaksne) hadde møtt opp for å ønske Kystnissen velkommen til torgs då han kom på sin årlege førjuls-visitas til byen sin. Rundare og trivelegare enn nokon gong steig nissen i land og let seg imponere over kor mange som gledde seg til å helse på han.

Det ser ut til at nissen trvist ute på Stabben fyr, der han held til resten av året. Iallfall kunne han rapportere at han hadde fanga tre millionar kakefisk det siste året - for Kystnissen held ikkje på med fiskekaker, sjølv om ein kanskje skulle tru det. Nei, kakefisk må det vere, og han hadde teke med tre hundre av dei aller finaste for å dele ut til barna på torget. Dei fekk bein å gå på, om ein kan seie det på den måten om fisk.

Heldigvis følgjer Kystnissen med i tida der ute frå Stabben, for når så mange kjem for å møte han, må moderne kommunikasjonsmidlar takast i bruk.

Heldigvis følgjer Kystnissen med i tida der ute frå Stabben, for når så mange kjem for å møte han, må moderne kommunikasjonsmidlar takast i bruk. Foto:

Speidarane hadde fyrt opp bålpanna og Barbro Furset frå Byen vår Florø lova saft, kaffi og graut til alle som ville ha.

Kystnissen sitt årlege besøk er i regi av Byen Vår Florø og er eit ledd i få folk til å handle lokalt før jul. Det såg ut til at folk tek til seg oppmodinga - parkeringsplassen ved Amfi var trekvart full like etter at butikkane opna klokka 14 i dag.

Også neste søndag blir Torget teke i bruk: Då skal nemlig den store Florø-julepakken opnast...

Artikkeltags