Julekos for svelgarane

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Jula er komen til Svelgen. Det blei markert med julekonsert i kapellet laurdag.

DEL

Svelgen skulemusikk og Svelgen songlag stod for den høgtidsstemde kjensla, då store deler av Svelgen var samla til den årlege adventsstunda.

Mange synest kanskje det var godt å sleppe unna førjulsstrida.

Det kan forklare kvifor kapellet var fylt til brestepunktet av svelgarar som ønskte å la julefreden og ettertanken senkje seg.

Framføre stolte foreldre og besteforeldre fekk mellom anna aspirantane til skulemusikken synt fram det dei hadde øvt på.

Dei noko eldre skulemusikantane halde fram deretter med eit repertoar på seks julesongar, kunnig dirigert av Fay Løvseth.

Artikkeltags