Jubilerte for fulle hus

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Dei starta i Svelgen for 25 år sidan. Fredag 30. desember 2006 spelte dei for ei stappfull Haavebu og billettane vart nok ein gong utselt fleire veker i forvegen.

DEL

Tor Hjalte er den einaste som har vore med sidan orginaloppsetninga. Leiaren i Florø Rockeklubb fortel at Pegasus er eit heilt anna band i dag enn dei var i 1981 då fem svelgarar såg mot stjernene og skapte Pegasus. I dag har Pegasus blitt den største garantisten for rockeklubben, rett og slett på grunn av at dei alltid spelar for fulle hus. Og fredag var stemninga høgre oppunder taket enn nokon gong.

Og det er ikkje noko hokus pokus dei leverer, berre dei låtane du ønskjer å høyre spelt når du er på kalas. Og dei blir framført tidvis betre enn originalartistane, skal vi tru publikum vi snakka med denne kvelden.

Starten

Åsmund Nesbø var med å starte Pegasus saman med Hjalte, men han takka for seg i fjor. Då fekk dei inn den første florøværingen i bandet, Jørn Lasse Refsnes.

Tor Hjalte starta som bassist i bandet. Åsmund Nesbø og Norvald Rogne spelte gitar, Jarle Djuvsland var pianist og Frank Igland var førstemann på trommer. No er det berre Hjalte igjen og han har sidan 1984 spelt gitar. Sidan 1981 har bandet opplev mykje. Det har vore diverse konstellasjonar og på midten av 80-talet opplevde Pegasus si første storheitstid. Dei investerte i bilar og i eigen PA og hadde sin eigen kjendis i frontfigur Arild Kristoffer Standal alias Chris Q. Han fronta bandet og skreiv låtane.

Saman med Tor Hjalte og reiste Standal til Oslo og gav ut Chris Q-singelen "Get up" som til og med var på ti i skuddet.

– Den gongen spelte vi 90 prosent sjølvlaga låtar, vi hadde nesten ikkje coverlåtar og vi vurderte faktisk å slutte i jobbane og satse alt på bandet. Album vart snakka om, men nokre i bandet fekk kalde føtter og synest det var ei for tøff satsing, seier Hjalte som tenker tilbake på ei frykteleg morosam tid.

Hobby

Bandet har aldri blitt gravlagt og etterkvart som ambisjonane fall satsa dei meir på speling på hobbybasis og fann etterkvart ut at det var coverlåtar som fungerte. I dag er det blitt eit hobbyprosjekt for alle dei sju, men alle er likevel veldig engasjerte i å halde bandet i gang.

I dag er det Erlend Eidsvik som spelar piano. Trond Teigene har også vore med sidan 80-talet og hadde ei tid også synth-tammar i slagverket. Nils Jørgen Sagebø, spelar bass og han er den einaste som framleis bur i Svelgen.

No er varemerket til Pegasus blitt endra. I dag er dei tostemte koringa av frontfigurane Annika Myklebust og Janne Linn Myren, populært kalla "Jannika", som er det geniale ved bandet. Det einaste aberet er at dei ikkje spelar oftare.

– Vi er sju som både har travle jobbar og born. Det skapar eit logistikkproblem. Jobben i Florø i romjula er uansett heilag for alle i bandet, og der spelar vi alltid, avsluttar Hjalte.

Artikkeltags