Jeff Pedersen regisserte Kinnaspelet for siste gong i sommar. No vil han bli sjef for Den Nationale Scene.

REGISSØR: Jeff Pedersen regisserer mellom anna årets Kinnaspel. Her frå premieren på teaterforestillinga Dødsdansen.

REGISSØR: Jeff Pedersen regisserer mellom anna årets Kinnaspel. Her frå premieren på teaterforestillinga Dødsdansen. Foto:

Søkarlista til ny sjef for Den Nationale Scene (DNS) i Bergen er offentleggjort. Ein av søkarane er Jeff Pedersen (40) frå Stongfjorden.

DEL

DNS skal ifølge Firda tilsette ny teatersjef frå januar 2020. Jeff Pedersen er ein av totalt elleve som har søkt på stillinga. Fire av søkarane er kvinner, og ei av desse er anonym. Namnet på tre mannlege søkarar er også unnateke offentlegheita.

Ifølge DNS er dei i kontakt med søkarar både frå Norge og Norden, skriv Bergensavisen.

– Teatersjefen er kunstnarisk og administrativt ansvarleg for DNS. Vår nye teatersjef skal leie den vidare utviklinga av teateret, ha tydelege kunstnariske visjonar og gode leiareigenskapar, seier styreleiar Siren Sundal i ei pressemelding.

Målet er at ny teatersjef skal vere tilsett innan månadsskiftet september/oktober.

Her er heile søkarlista:

  • Helge Jordal, 72, Bergen, Skodespelar
  • Mann
  • Mann
  • Vibeke Flesland Havre, 44, Bergen, Leiar for VFH-produksjoner
  • Audny Chris Holsen, 45, Oslo, Regissør
  • (Lars Gunnar) Theodor Janson, 48, Oslo, Skodespelar/regissør
  • Johannes Joner, 59, Oslo, Skodespelar /regissør Mann
  • Jeff Pedersen, 40, Stongfjorden, Frilans regissør

  • Hege Randi Tørressen, 58, Fjellstrand, Dramaturg

  • Kvinne

Artikkeltags