Janne Linn Myren ny rockedronning

Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Janne Linn Myren overtek leiarvervet etter Tor Hjalte i Florø rockeklubb. Med Charlotte Nygård som NK og Line Sundal som økonomisjef er det kvinnene som no rockar i Florø.

DEL

Under styremøtet i Florø Rockeklubb onsdag trekte Tor Hjalte seg som leiar etter åtte år på toppen. Janne Linn Myren, som er kjent som vokalist i Kasteósa Soul og Jazzkvintett og i Pegasus som har vore to «husband» i Rockeklubben til no, tek over som ny leiar. Dei vi har snakka med i miljøet er også veldig glade for at Myren tok på seg vervet onsdag noko som tyder på at det er ein person med brei tillit som no skal styre klubben.

Charlotte Nygård har no teke på seg nestleiarvervet. Og det skal nemnast at det akkurat var denne duoen som stod bak Rockegallaen i Flora Samfunnshus fredag der økonomien i klubben kom i hus. Line Sundal held fram som økonomiansvarleg og dermed har vi tre jenter som det rockar mest av i det til no mannsdominerte rockemiljøet i Florø.

Vi kjem attende med meir om leiarskiftet i Florø Rockeklubb i papiravisa laurdag.

Artikkeltags