Jan Kjetil til Sirkus Bremanger

Jan Kjetil Smørdal (t.v.) frå Circus Agora kjem til Sirkus Bremanger. Her frå møtet med Jill Strand i Bremangerhallen.

Jan Kjetil Smørdal (t.v.) frå Circus Agora kjem til Sirkus Bremanger. Her frå møtet med Jill Strand i Bremangerhallen. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Jan Kjetil Smørdal frå Circus Agora kjem til Sirkus Bremanger 31. oktober.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det stadfestar Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg.

– Sirkus Bremanger har inngått eit samarbeid med ein av landet sine fremste ekspertar på sirkus. Jan Kjetil skal vere med på å setje Bremangerfolket i ekte sirkusstemning. Dette blir det vesle ekstra, seier han.

Men under Sirkus Bremanger kan vi vente oss alt anna enn den type sirkus Jan Kjetil Smørdal er vant til. Sirkus Bremanger blir meir eit show der revy, musikk og danse utgjer hovudingrediensen, og kjendisar og spektakulære sirkusnummer utgjer krydderet.

– Då snakkar vi illusjonistshow, klovneri, paljettar og luftakrobatikk. Dette blir ein to timar lang kraftpakke, seier Vatsø.

Men ryktet om Sirkus Bremanger har også nådd indre strok i landet, seier Vatsø. Då han møtte statsminister Jens Stoltenberg førre veke, fann statsministeren konseptet veldig interessant.

– Spesielt når det gjeld å ta vare på eldsjelene i bygdene, og gravleggje janteloven. Dette og samarbeidet mellom bygdene utgjer kjernen i Sirkus Bremanger, var han veldig imponert over, seier Vatsø.

Artikkeltags