Irsk novemberkveld

Tradish, frå venstre Brian Woetmann, John Pilkington og Louise Ring Vangsgaard.

Tradish, frå venstre Brian Woetmann, John Pilkington og Louise Ring Vangsgaard. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Torsdag kjem bandet Tradish med si blanding av tradisjonell og nykomponert musikk til Haavebua.

DEL

Dette er eit resultat av eit samarbeid mellom Rockeklubben og kulturavdelinga i kommunen.

Dei tre medlemmene i gruppa har har base i Danmark, og dei har alle bakgrunn frå det tradisjonelle irske bandet Moving Cloud i tillegg til at dei er kjende for å bevege seg på tvers av forskjellige sjangrar. Med erfaring både frå små pub-sessions og store festivaljobbar, har Tradish appell også utover dei som er mest «hardcore» når det kjem til irsk tradisjonsmusikk.

Albumet "Beyond the borders" kom ut våren 2010, og denne utgjevinga medførte omfattande turnéverksemd både i Skandinavia, Tyskland og Tjekkia. Bandet skriv på heimesida si:

"Millionar av irske emigrantar har gjennom 200 år bore musikken sin med seg som ein viktig del av sin identitet og som ein viktig forbindelse til eit fjernt heimland. Samansmeltinga med dei kulturar dei har møtt og levd i, har skapt nye musikalske retningar som med tida har vendt tilbake til Irland og som har utvida den irske musikktradisjonen. Idag er den velkjend og respektert over heile verda, og er transformert til eit globalt fenomen. "Beyond the borders" er ein hyllest til denne utvekslinga av idéar og inspirasjon over grensene".

– Haavebua har høg trivselsfaktor, så vi trur dette er rett arena både for bandet og for publikum som kjem for å høyre på dei, seier Ingvar Hopland på Flora samfunnshus.

Artikkeltags