Gå til sidens hovedinnhold

– Ikkje ein dag å miste

Artikkelen er over 13 år gammel

- Lenk dykk gjerne fast for å få merksemd om saka, seier Bjørgulf Myklebust.

Denne veka orienterte han plan- og utviklingsutvalet i Bremanger om arbeidet med å få på plass Kystvegen.

– De har ikkje ein dag å miste i arbeidet med å få på plass Kystvegen i neste Nasjonal Transportplan (NTP), påpeikar Bjørgulf Myklebust i Svelgen Utvikling.

– Den 10. oktober skal det vere ei stor samling i Florø om kystvegsatsinga. Då kjem vi til å stille mannsterke, stadfesta ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap).

Når transportkomiteen på Stortinget kjem til Sunnfjord 30. oktober, skal Bremanger kommune få sleppe til for å informere om kor viktig kystvegsatsinga er for utvikling av næringslivet lokalt.

Bjørgulf Myklebust oppmoda politikarane om å stå hardt på no.

– Demonstrer. Lenk dykk gjerne fast for å vekkje merksemd om saka, sa Myklebust med eit smil.