I dag er det duka for UKM

RIKT KULTURLIV: Oda, Synne og Gina dansar til Michael Jackson sin song «Thriller».

RIKT KULTURLIV: Oda, Synne og Gina dansar til Michael Jackson sin song «Thriller». Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

49 deltakarar i alderen 13 til 20 år kjempar om dei øvste plassane som går vidare til fylkesmønstringa i Førde den 5 og 6. april.

DEL

I Florø er det 49 deltakarar fordelt på 39 innslag, der hovudfokuset ligg på det musikalske.

– Ungdommane får delta med alle kulturuttrykk og får vist sine kvalitetar. Det er ein eineståande måte å få vise fram kva ein driv med og treffe andre likesinna. I år ser vi det er ei hovudtyngde på musikk, men både dans, maling og fotografi er godt representert, seier Arne Sunnarvik som er rektor ved Flora kulturskule.

UKM lokal mønstring vert arrangert av Flora kulturskule i samband med Haffen og Kultur og fritid. Sunnarvik fortel at både Haffen og Kulturskulen vert godt representert på laurdag.

– Kulturskulen og Haffen har i mange år utvikla gode talent som har bidrege til mønstringa opp gjennom åra, fortel han.

Totalt er det 25 000 deltakarar på dei 360 lokale mønstringane som vert heldt. Vinnarane av fylkesmønstringa går vidare til UKM festivalen som blir arrangert i Trondheim den 25 til 30. juni, der heile 550 deltakarar er med.

– UKM er bygd opp som ein pyramide. På denne måten blir det dei beste av dei beste som representerer fylka, slår Sunnarvik fast.

Han seier det spirer og gror godt på kultursida i Florø og visar til fjorårets arrangement der det var deltakarrekord.

– Vi har eit veldig bra kulturliv i Florø med mange forskjellige tilbod. Det spirer og gror godt her, så vi er spente på kva vi får sjå på laurdag, avsluttar han.

Artikkeltags