Hyller Clapton med eigen turné

PÅ TURNÉ: f.v. Eilif Vaardal, Martin van Gastel, Norvall Klungresæter og Jarle Grotle er i desse dagar på skuleturné i Sogn og Førde med Eric Clapton-musikk i bagasjen. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

PÅ TURNÉ: f.v. Eilif Vaardal, Martin van Gastel, Norvall Klungresæter og Jarle Grotle er i desse dagar på skuleturné i Sogn og Førde med Eric Clapton-musikk i bagasjen. Foto: Annbjørg Hauge Nygård Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Eilif Vaardal, Jarle Grotle, Norvall Klungresæter og Martin van Gastel turnerer i desse dagar fjordfylket med musikk av Eric Clapton.

DEL

Det er ungdomsskulane, i første rekkje i Sogn, men også i Førde, som er så heldige å få besøk av dei dyktige musikarane, tre av dei frå Sunnfjord og ein frå Nederland. Konsertprogrammet til «Slowhand – A tribute to Eric Clapton» er arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune som eit tilbod i Den kulturelle skulesekken, etter idé og opplegg av dei fire musikarane i samarbeid med Øyvind Lyslo.

18 konsertar

Dei første konsertane var allereie i går, i Årdal kommune. I dag er det Førde som står for tur.

– Vi skal spele i alt 18 konsertar, to kvar dag, så det blir to travle veker framover, fortel Norvall Klungresæter, som er vokalist og gitarist i Bremanger-gruppa Spik Adel.

Repertoaret er tileigna den legendariske gitaristen Eric Clapton og musikken hans, og dei fire musikarane lovar eit fengande og engasjerande møte med mange kjende og kjære hits frå dei ulike epokane i Clapton sin rike og produktive karriere.

Får spele med

Klungresæter og dei tre andre Clapton-venene inviterer elevar på elgitar til å spele med på låten «Cocaine», som er laga av J.J. Cale, men som dei fleste kjenner frå Eric Clapton. Dei elevane som vil vere med skal spele sjølve gitar-riffet pluss eventuell improvisasjon, og det kan bli ei spennande utfordring.

– Å reise på skuleturné er nytt for oss, men vi gler oss til å møte elevar frå så mange ulike skular i fylket, seier Klungresæter dagen før avreise.

Artikkeltags