Finst det gode kandidatar til fylkeskulturprisen på kysten?

Fylkeskommunen ber om innspel til kven dei bør heidre med pris.

DEL

I vedtektene heiter det at føremålet med fylkeskulturprisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i fylket, og den kan gjevast til både enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Desse må høyre heime i fylket, vise evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege, ha talent og vise kreativitet og evne til nyskaping.

Sist prisen landa i Firdaposten sitt nedslagsområde var i 2012, då Bremanger Musikklag fekk den. Før det må ein tilbake til 1993, då det var Kinnaspelet som vart heidra, og det er er eigentleg dei to gongane fylkeskulturprien har havna på kysten av Sogn og Fjordane. Prisen har vore delt ut sidan 1980.

I fjor var det då 85 år gamle Kristin Sønnerheim som fekk prisen for sitt arbeid med å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg som turmål for ålmenta.

Lista over tidlegare vinnarar og skjema for å nominere din kandidat finn du her.

Artikkeltags