Fullt hus med Lollipop

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Med vakre amerikanske doningar ved inngangen sette Svelgen Songlag steminga for sin Lollipop-konsert.

DEL

Det var ikkje ein parkeringsplass å oppdrive i Svelgen sentrum søndag ettermiddag, då Svelgen Songlag opna dørene for sitt Lollipop-prosjekt i Samfunnshuset.

Ved inngangsdøra skein nokre prakteksemplar av amerikanske glis av god gammal årgang. Vi snakkar om dei gylne 1950- og 1960-åra, der songlaget også hadde henta repertoaret i konserten.

Med dirigent og songar Grete Berntzen på scena gjekk det slag i slag med musikalske svisker både av amerikansk og britisk opphav. I orkestergrava sat nokre musikalske ringrevar frå Bremanger, Jarle Grotle, Roger Igland, Norvall Klungresæter og Helge Førde. Gode og modige solistar og eit kor spekka med songglede gjorde konserten til ei retteleg festforestilling som publikum tydeleg sette stor pris på.

Artikkeltags