Fredar Vingen-vakthytte

VAKTHYTTE: Hytta ligg vakkert til med ustikt mot Frøysjøen.

VAKTHYTTE: Hytta ligg vakkert til med ustikt mot Frøysjøen.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vakthytta i Vingen er no vedteken verna.

DEL

Klima- og miljødepartementet sin landsverneplan er ferdigstilt. Landsverneplanen omfattar freding av bygningar på 18 anlegg fordelt over heile landet. I Sogn og Fjordane er vakthytta i Vingen omfatta av fredingsvedtaket.Dette melder Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Vakthytta er teikna av arkitekt Arild Wåge og vart oppført i 1991–92 og vert brukt av arkeologar frå Bergen museum i samband med deira arbeid med helleristingane i Vingen. I si grunngjeving av fredinga av hytta har Riksantikvaren gjort følgjande vurdering:

«Vakthytten utgjør et godt eksempel på stedstilpasset arkitektur, med god trerrengtilpasning og utstrakt bruk av lokale materialer som naturstein og torv. Hytten har høy arkitektonisk kvalitet.»

Føremålet med fredinga er «å sikre vakthytten med sine arkitekoniske kvaliteter som et særpreget eksempel på en enkel, men spesifikk fynksjon knyttet til oppsynet med bergkunstfeltet.»

Hovudutval for kultur har uttalt seg om landsverneplanen i HK-sak 24/15 der dei mellom anna uttalte at ei freding av vakthytta i Vingen vil ivareta bygningen sine kulturhistoriske verdiar på ein god måte.

Artikkeltags