Førsteklasses show i "Den gyldne Løve"

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

SVELGEN: Morgan og Thea på vertshuset ”Den gylne løve” har planane klare for eit maskeradeball, og du verda for ei framsyning det blir. Her er det musikk, dans og skodespel av første klasse.

DEL

I går var det generalprøve på samfunnshuset klokka eitt. Aktørane på scena og i orkesteret var alle ungdomsskuleelevar frå Svelgen skule, og publikum i salen var medelevar på mellomsteget og 5-åringane i barnehagane i Svelgen. Stemninga var spent siste halvtimen før framsyninga starta, slik den skal vere før ei generalprøve. Men då klokka var der, og alvoret byrja, vart sommarfuglane i magen fort gløymde.

Rik på opplevingar

Refleksjonane til Morgan over korleis det hadde vore å drive vertshuset ”Den gylne løve” opp gjennom åra, losa både aktørane og publikum med på ei opplevingsrik reise gjennom kjende og kjære filmmelodiar og musikalar. Morgan konkluderte med at det nettopp var alle opplevingane som hadde gjort åra på vertshuset så rike, og ikkje all verdas gods og gull. Likevel er det lov å drøyme om korleis det hadde vore om han hadde hatt mykje pengar, som i ABBA-songen ”Money, money, money”.

Song om kjærleik

Morgan og Thea fekk det etter kvart svært så travelt utover kvelden, etter kvart som vertshuset fyltest med hippiar, dansarar, ein heil gjeng gutar og jenter frå 50-åras Amerika, og endåtil Simba og Nala frå filmen ”Løvenes konge”, som offentleg erklærte sin store kjærleik til kvarandre. Maria, dottera til Morgan og Thea, kom også innom saman med to veninner, for å hjelpe foreldra med serveringa. Dei vart oppmoda om å synge, og framførte ”Eternally” frå musikalen Which Witch. Det viste seg også at ei av veninnene var forelska i sjølvaste Bør Børson jr., som akkurat denne kvelden også var gjest i vertshuset.

Prosjekt

Vi kan berre ta av oss hatten, Svelgen skule har greidd det igjen. Det er ikkje første gongen elevane på ungdomsskulesteget har framført sitt eige musikkspel.

– Vi har samla alle musikktimane gjennom heile skuleåret, og brukt dei til å lage eit prosjekt med vekt på musikk, dans og drama, der alle elevane er med i kvar sine roller, fortel musikklærar Elisabeth Hamre, som saman med Norvall Klungresæter har sett det heile i hop.

– I starten jobba vi med dette prosjektet ein dag i veka, men no i innspurten har det blitt både to og tre dagar i veka. Travelt, ja, men utruleg kjekt, seier ho vidare.

Artikkeltags