Gå til sidens hovedinnhold

Første gong åleine

Artikkelen er over 17 år gammel

FLORØ: Bileta har ho enno ikkje villa vist nokon, men fredag opna dørene til den første separatutstillinga. Nitidig arbeid i to og eit halvt år ligg bak ikkje mindre enn 52 bilete.

– Eg har drøymt om å vise bileta mine her, kan ho fortelje. Fredag viser Merete Igland si første separatutstilling på Kystmuseet.

– Eg har ikkje TV, svarar ho då vi spør om den imponerande produktiviteten. For den flittige kunstnaren vedgår at ho til tider kan blir heilt oppslukt medan ho jobbar med pensel og pallett.

Igland har gått på kunstskulen i Førde, likevel meiner ho at stilen er noko ho har jobba seg fram til på eiga hand. Ho er sjukepleiarstudent og jobbar tidvis på krisesenteret i Florø. Her finn ho inspirasjon. Då ho i jobben opplever mange dystre menneskeskjebnar, meiner ho at håpet som trass alt finst er den sterkaste drivkrafta. Bilete i bilete og menneske i natur er stikkord vi merka oss, då vi onsdag smugkika på utstillinga.