Florømann med ny bok

Egil Foss Iversen

Egil Foss Iversen Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kjem til Florø og Stavang og presenterer den.

DEL

Den første spenningsboka til Egil Foss Iversen, "Ørnens skygge", kom hausten 2011 og hadde handling frå 2. verdskrig.

Denne gongen har han sleppt ein seriemordar laus i Bergens gater. Det er berre prostituerte som vert offer for mordaren, og han etterlet dei med bibelsitat rissa inn i kroppen. Det er bedriftsrådgjevar og psykoterapeut Theodor Solomonsen som motvilleg nøstar seg gjennom saka og oppdagar at saka har forgreiningar til misjonsstasjon i Kongo.

Foss Iversen vaks opp i Gaddevågen i Florø, men bur i Stavanger. Neste helg vert han derimot å finne i Florø - og i Stavang.

I Florø vil han lese frå boka si på biblioteket laurdag ettermiddag, og i forkant av dette vil det vere mogleg å få boka signert hos Norli på Amfi.

Fredag vert det krimkveld i Løa i Stavang. Også der vil Foss Iversen lese frå boka si - i tillegg til at det står bacalao på menyen i Løa denne kvelden. Det vert også ein liten konsert med lokale musikarar.

Artikkeltags