Storband kafe-konsert

Arne Sunnarvik er på plass bak klaviaturet.

Arne Sunnarvik er på plass bak klaviaturet. Foto:

Av

Dropp inn for ein kopp kaffi og litt kake med jazz attåt på Kysten Bar laurdag.

DEL

Det er oppmodinga frå bandleiar og arrangør Arne Sunnarvik. Han leiar fylkets mest slitesterke storband, som har eksistert i over tre tiår. !!

Florø Storband spelar laurdag den 17. november kl 13 på scena i det som no snart tek att det tradisjonsrike namnet Victoria Hotell igjen.

- Dette er eit vinn-vinn-samarbeid mellom Kysten og Flora kulturskule, der storbandet står for musikken og restauranten står for servering av kaffi og kaker. Nytt denne gongen er spesialarrangerte rockete låtar av Eagles og Deep Purple! Jens Wendelboe er ein kjend arrangør som må nemnast her. I tillegg er det sjølvsagt eit variert repertoar med kjende klassiske gromlåtar som er skrive for bla Michael Buble og Frank Sinatra, fortel Sunnarvik.

Gjestesolistar på vokal: Eilif Vaardal og David Antonsen. Dette vert storbandet sin haustkonsert.

- Vi planlegg også ein sprek julekonsert i same lokale den 15. desember. Ta ein pause i handelen på laurdag, stikk innom Kysten restaurant og nyt kaffi, kaker og gratis, men god storbandmusikk! Fri entrè

Artikkeltags