Dei inviterer til show med piratar og prinsesser – og håpar du vil kle deg ut

Prinsesser og pirater

Prinsesser og pirater Foto:

Laurdag set Florø Musikkteater sin musikalskule opp framsyninga «Prinsesser og pirater», og dei håpar at publikum også vil kle seg ut.

DEL

Sidan 2014 har over hundre barn lært seg song, dans og teater på Florø Musikkteater. No er dei klare med ei ny framsyning, «Prinsesser og pirater», eit show inspirert av Walt Disney sine figurar og songar.

Manuset til framsyninga er skrive av Carina Hillersøy og Oda Alisøy.

Framsyninga er tredelt og du får sjå alle gruppene ved musikalsjuken i aksjon. Først viser musikalbarnehagen det dei har jobba med i år, deretter er det 1. -7. trinn sin tur.
– Dei har ei framsyning inspirert av songen «Piratens liv» frå Peter Pan. Manus er skrive av Carina Takle-Hillersøy og vi har krydra framsyninga med songar frå kjende Disneyfilmar, med ny tekst av Ann Kristin Winterthun, fortel Florø Musikkteater i ei pressemelding.

Den siste delen er det 8. – 10. trinn som står for.

– Der møter du mange av dei kjende Disneyprinsessene i ei heilt ny setting. Manus er skrive av Oda Alisøy, fortel dei.

Framsyninga passar for born og vaksne i alle aldrar og dei oppfordrar publikum til å kle seg ut i pirat- eller prinsessekostymer når dei kjem til Flora samfunnshus laurdag.


 

Artikkeltags