Det er søndag føremiddag. I den gamle gymsalen på Florø barneskole er 21 barn og unge i full gang med terping på song og koreografi. Dette er siste øvinga i Florø Musikkteater sin musikalskule før den store premieren om to veker. Koreograf Anders Alvaro Nydal har gleda av å leie ein entusiastisk gjeng barn mellom 7 og 13 år gjennom eit klassisk Grease-nummer, «We go together».

Eirik Klokk ser stort fram til å herje litt som skinnjakkekledd Grease-bølle på scena, medan Kristin Larsen Svånå ser fram til rolla som rosakledd nerd i jentegjengen.

– Det blir gøy, konstaterer dei to.

I eitt av klasseromma like ved øver dei vaksne medlemmene i Florø musikkteater, som musikalskulen er ein del av, til den samme førestillinga. Musikkteateret starta eigentleg som ein vennegjeng som hadde lyst til å gjere noko kreativt. Dei landa på den ambisiøse draumen om å sette opp ein musikal i Florø.

– Vi er alle glade i musikalar, nokre av oss er songarar, andre er dansarar og teaterutdanna. Dette med musikkteater meinte vi at mangla her i byen. Eid har sin opera, kan ikkje Florø vere musikalbyen?, spør regissør Carina Takle-Hillersøy.

Det som byrja som ein idé har vakse og vakse sidan dess. Mange har vist interesse for prosjektet og har blitt med på å dra lasset vidare.

– Vi har fått med nokre fantastiske ressursar, både innan song og dans, vi har folk som ivrar for å sy kostyme, og som vil hjelpe oss å bygge kulissar, og så har vi fått med oss folk som er dyktige innan økonomi og administrasjon. No er vi faktisk eit vel organisert musikkteater, seier ho.

Anders Alvaro Nydal, som er koreograf og danselærar, foreslo i vår ein sommarskule for born og ungdom. Gjengen tende på ideen, sidan fleire er pedagogar både innan dans, song og teater. Forventninga om påmelding låg på kring 20 personar, men det kom så mange som 42. Sidan responsen var så god, valde dei å halde fram med musikalskulen også utover hausten og vinteren.

– Vi ønsker å tenne interessa hos fleire og utvide musikalfamilien vår meir og meir, forklarer Takle-Hillersøy.

LES OGSÅ:  Eit hundeliv, liksom...

LES OGSÅ: Dei vil skape Vestlandets West End

Dei har hatt undervisning omtrent annakvar helg, der borna har fått prøve seg i både song, teater og dans. Først har elevane ein time der dei lærer dansetrinna i dei ulike musikalnummera, neste time lærer dei songen i det same nummeret, og den siste timen handlar det om teaterdelen av nummeret.

– Dette komplette tilbodet får du ikkje andre stader her i Florø, så slik sett er musikalskulen med på å tilføre Florø noko nytt. No har vi 21 fantastisk flinke barn med oss, som har øvd iherdig sidan i sommar – og som gler seg til å stå på scena i samfunnshuset saman med dei vaksne utøvarane 11. og 12. desember. Og dei er flinke, utruleg flinke! Det er utruleg kjekt å jobbe med barn og ungdom som er så engasjerte og positive. Vi blir veldig stolte, og nesten litt rørt av å sjå kor flinke dei har blitt, understrekar regissøren.

Det å sette opp ei førestilling er inga enkel oppgåve. Det kostar meir enn musikalgjengen har råd til å betale av eiga lomme. Litt inntekter frå kursundervisninga har gitt nok til å få hjula i gang. Men inntektene frå showet vil vere veldig avgjerande for økonomien vidare.

– Det er heldigvis mange som heiar oss framover. Men det er litt skummelt – spesielt med tanke på at det er massevis av julekonsertar både før og etter vår musikalførestilling. Men samstundes har vi trua på at vi kan bli ei attraktiv julefrie pausen i ei hektisk førjulstid.

– Namnet førestillinga om to veker har fått, «A taste of show business», var eigentleg eit naturleg val. Vi har sydd saman eit breitt spekter av nummer frå kjende musikalar, men også frå musikalar ikkje så mange har høyrt om. Vi ønsker å gi publikum ein smakebit av forskjellige musikalar – musikalar som vi kanskje skal sette opp i sin heilskap i åra som kjem. Nokon av dei som står på scena får kanskje også sin første smakebit av underhaldningsbransjen, smiler Takle-Hillersøy.

No er vi faktisk eit vel organisert musikkteater

Carina Takle-Hillersøy, regissør

No er det berre to veker til premieren, og sommarfuglane har byrja å romstere i mageregionen.

– Det er mykje som skal gjerast enno, men samtidig er det kjekt å sjå at ting fell på plass; både det praktiske, og at innslaga byrjar å sitte. Vi håpar at mange kjem og ser framsyninga, og kanskje nokon i publikum ønsker å bli med i musikalfamilien vår, og vere med oss i neste prosjekt. Då må dei veldig gjerne ta kontakt, avsluttar regissøren.