No er det også sommarferie for elevane i Florø Musikkteater sin musikalskule. Men før ferien sørga dei for å spele inn ein musikalvideo dei kunne dele med omverda, for å vise litt av det dei har lært i skuleåret som var. Resultatet er ein halloween-musikalvideo der ungane syng og spelar sjølv. Ideen til videoen kom frå ei gruppe frå London som heiter Spirit Young Performers. Dei lagar filmar av forskjellige musikalnummer og legg det ut på sin eigen youtubekanal.

– Eg synest det såg så kjekt ut og tenkte det var eit perfekt prosjekt til våre eldste elevar, fortel Carina Takle-Hillersøy i FM Musikalskulen.

LES OGSÅ: Full Aske-pott

Hektiske dagar

Elevane og instruktørane byrja å jobbe med halloween-nummeret i august i fjor, og hadde eit håp om at det skulle vere klart til halloween i oktober.

– Men vi såg raskt at songen var for krevjande til at vi klarte det på så kort tid. Men vi fekk spelt inn songen i studioet til Eirik Husabø i november, med Sunni Julnes på piano. Og i byrjinga av vårsemesteret byrja vi saman med Siri Linn Brandsøy og Suneeta Giil, som står for filminga, redigeringa og regien, å planlegge filmen, seier Carina.

I april var alle elevane ein heil dag i bedehuset i Brandsøy og filma. Lisa Giil laga koreografien, og filmen inneheld både song, dans og skodespel, noko som speglar musikalskulens mål: At elevane skal få trening i både song, dans og teater.

LES OGSÅ: Eit hundeliv, liksom ...

– Får utfordre seg sjølv

Den ferdige filmen vart først presentert under ei framsyning i mai.

– Framsyninga kalla vi «Frå Florø til Broadway», og den inneheld berre songar elevane hadde vore med å velje sjølv, i tillegg til andre prosjekt vi har jobba med i løpet av skuleåret, seier Carina og strekar under:

– Vår visjon er at alle elevane skal få utfordre seg sjølv, og for eksempel synge solo om dei ønsker det, og det fekk vi verkeleg til i denne framsyninga. Det er utruleg kjekt å sjå kor elevane utviklar seg og torer gjere meir og meir åleine. I denne framsyninga var og musikalbarnehagen vår med og viste «Trollspelet» dei hadde jobba med i løpet av året, seier ho.

Held fram over sommaren

I skuleåret som tek til no, ventar nye prosjekt på elevane ved musikalskulen.

– Etter elevane sitt eige ønske skal vi sette opp ei førestilling basert på eit manus. Vi har byrja å planlegge denne førestillinga, men det kjem litt an på kor mange elevar vi får, så vi vil ikkje røpe kva for førestilling det blir heilt enno. Vi håper og at vi skal få til ei ungdomsskulegruppe dette semesteret. Vi ønsker dessutan å lage fleire filmar, men det kjem an på økonomien. Vi tener ikkje pengar på filmane, så alle utgiftene der må dekkast av sponsormidlar eller eventuelt overskotet frå førestillingane, seier Takle-Hillersøy.

FM Musikalskulen er allereie i gang med opptaket og det byrjar å fylle seg opp, men det er ikkje fullt heilt enno. Dette semesteret byrjar veka etter skulestart, altså måndag 28. august.