Eventyret har starta!

Tysdag kvar det avreise for jentene i Florø Drill, og no er dei på plass i Italia, klare for EM.

Tysdag kvar det avreise for jentene i Florø Drill, og no er dei på plass i Italia, klare for EM. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Florø Drill er på plass i Italia. No ventar eit spennande EM for jentene som skal representere dei norske fargane i helga.

DEL

Det er tysdag kveld. 24 spente jenter og minst like mange foreldre, i tillegg til ein ekstatisk drilltrenar står klar på Firda Billag. Endeleg er dagen komen, dagen då nasen blir vendt mot Italia og Florø Drill skal representere landet vårt i Europameisterskapet i drill.

I dag torsdag, er dei vel på plass i Italia, og det er framleis litt tid att til sjølve konkurransen starter.  Sommerfuglane har fri flyt i magar, og den einaste som held hovudet noko lunde kaldt er styreleiar i Florø drill, Camilla Susann Skorge. Ho minner om drillstavar, uniformar, landslagsdrakter og reglar, og passer på at det som kan gå gale, ikkje gjer nettopp det.

Felles dugnadsinnsats

At desse jentene fekk høve til å ta denne reisa i haust, er takka vere ein felles innsats frå lokalsammfunnet i Flora og foreldre i Florø drill. Foreldra har, i lag med jentene, jobba og stått på med ei dugnadsånd ein ikkje finn makan til, men folk i Florø har kjøpt vafler, gitt drillen oppdrag og ikkje minst samla inn pengar gjennom kronerulling. Det er kanskje ikkje utan grunn til at kampropet er "Florø by, stolt og kry!" for den spente jentegjengen.

"Eg er kanskje altfor roleg, men eg veit det brakar laust med nerver på laurdag."

Anja M. Knudsen

Beina på jorda

Heile første døgnet har spenninga vore til å ta og føle på. Jentene går rundt med landslagsdraktene sine, og ekstra stas var det når kapteinen på SAS-flyet ønskte velkommen om bord, og la inn ei lita lukkeønsking til drilljentene som var med på turen.

Morgondagen blir ein roleg dag, før det brakar laust på skikkeleg på fredag.

Trener Anja Merete Knudsen er førebels roleg.

- Eg er kanskje altfor roleg, men eg veit at det brakar laust med nerver på laurdag. Då vil eg vere høgt og lågt, og eg veit at når eg ber jentene om å gå ut på golvet og ha det kjekt, så kjem eg til å grine. Generalprøva på søndag var knallbra! Men konkurransen er utruleg hard, så dersom vi klarer å unngå siste plassen så er vi svært fornøgde, seier Knudsen.

Troppen har beina godt planta på jorda og har vore flinke til å ta instruksjonar, og på tribuna her i Italia stiller stolte drillmammaer, drillpappaer og til og med drillbesteforeldre, og trenaren vert garantert ikkje den einaste som fell tårer av stolthet denne laurdagen.

Firdaposten kjem tilbake med meir stoff om jentene sitt drilleventyr i Italia.

Artikkeltags