Ungt korps til NM første for første gang

Tara Holme, Anna Høidalen og Elise Marie Mallasvik Røren og resten av Floraskulen brassband er klare for NM i Stavanger.

Tara Holme, Anna Høidalen og Elise Marie Mallasvik Røren og resten av Floraskulen brassband er klare for NM i Stavanger. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi er blitt flinkare, men eg er så klart litt nervøs, seier Tara (10).

DEL

Floraskulen brassband er eit skulekorps som vart stifta i 2010. I helga reiser korpset til Stavanger for å delta på NM i skulekorps.

Sjølv om korpset er ganske ungt meiner musikantane at det kjem til å gå bra.

– Eg er redd for å ha høge forventingar, men så har eg høge forventingar uansett. Vi har i alle fall lært masse og eg ser framgang, seier Anna Høidalen som speler eufonium i korpset, til Firda.

Også Elise Marie Mallasvik Røren, som spelar horn, er klar.

– Forventingane mine er ikkje på topp, men heller ikkje i botn. Eg trur vi kjem til å hamne noko lunde midt i. Som korps trur eg vi må jobbe meir med å bli samspelte, men det har blitt betre i det siste, seier Elise Marie.

Nokre ganske ferske

Fjorårets aspirantar skal også vere med på meisterskapen, og sjølv om dei berre har spelt i to år så føler dei at dei har god kontroll på notane.

– I det siste har vi hatt mykje øving, men eg trur det er ein bra ting. Vi får jo godt tolmod og vi blir flinkare. Så klart er eg litt nervøs, men det kjem til å gå bra, det gjer det alltid, meiner Tara Holme (10) som spelar tredje kornett i korpset.

– Eg trur svakheita til korpset vårt er at det er litt ungt. Dirigenten vår har sagt at nokre korps på meisterskapet er over 50 år gamle, og då har dei gjerne medlemmer som har spelt i over ti år. Våre eldste har berre spelt i seks.

Har fått mange venner

Anna og Elise har vore med i korpset sida oppstarten.

– Eg starta først i korps fordi det berre verka interessant, men eg blei i korpset på grunn av det sosiale. Eg har blitt kjend med masse nye interessante folk som eg aldri hadde lagt merke til utan, seier Elise Marie.

Ho trur dei kjem så godt over eins fordi dei har same interessa.

– Eg synest sjølve spelinga er gøy. Det å føle at du blir betre og betre i noko er ein utruleg kjekk følelse. Du kan raskt merke forskjell og at du har blitt betre. Så klart er det sosiale i korps eit pluss også, seier Anna.

Tara meiner at det kjekkaste i korps er å reise på turar og å lære å lese notar, som er noko ikkje alle vanlege kan.

No gler dei seg til å spele under NM i helga.

Artikkeltags