Treng du eit lite laurdags-pustehol?

Floraskulen Brassband i Verona. Det fem år gamle bandet vert dirigert av Torgeir Halvorsen.

Floraskulen Brassband i Verona. Det fem år gamle bandet vert dirigert av Torgeir Halvorsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Då kan du svinge innom kantina på vidaregåande kommande laurdag.

DEL

For fjerde år på rad har nemleg Floraskulen Brassband og Kulturskulebandet slått sine pjaltar saman og inviterer til konsert.

– Eit band og eit korps har to ulike språk når det gjeld å snakke om musikk, så det er lærerikt for dei som er med. Dei lærer seg å spele noko anna, sanan med andre - korpset må rocke litt og rockebandet må sette seg litt inn i korpsmusikk. Alle som er med får utvida den musikalske horisonten sin i ung alder, forklarar musikalsk leiar i Flora Brassband, Torgeir Halvorsen.

Den første samarbeidsprosjektet hadde Beatles som tema, og det var Halvorsen og Eilif Vaardal, som leiar Kulturskulebandet, som sette det i gong.

– Vi to får sjølvsag også utvida horisonten vår, og det trur eg kjem ungane til gode. Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren!

Saman med korps og band vil det vere to sangsolistar.

– Sjølvsagt har vi også med aspirantane våre slik at dei får vist seg fram, seier Halvorsen.

– Det er eit flott lokale her på vidaregåande, seier gymnaslærar Halvorsen, og lovar at det sjølvsagt også blir kake- og kaffi-sal, både før konserten og i pausen.

Artikkeltags