Samtidig som du sit på jobb ein måndag føremiddag, står det ein driftig gjeng på scena på Flora samfunnshus og puslar saman scenografien til Florarevyen. Og det er ikkje eit reint lite prosjekt dei har teke på seg:

– Dette er det største scenografiprosjektet vi har gjort. Det er rett og slett eit puslespel som no må setjast saman. Eg kan sjølvsagt ikkje røpe korleis det blir, men det heng saman med tittelen på revyen, som er «Ekstremt eventyrli'», seier produsent for Florarevyen, Barbro Furset.

Sjå bilete frå fjorårets revy, "Heilt på kanten".

Framfor skjema

Furset fortel at årets scenografi blir noko heilt nytt og annleis enn ting dei har bygd før. Noko anna som er nytt av året er at dei ligg framfor skjema:

– Målet er å ha scenografien ferdig montert til skodespelarane inntek scena i kveld. Dette er vi ikkje vande med, for som regel står vi og sagar og målar i takt med musikken, ler ho.

Dei siste vekene har det blitt seine kveldar for scenegjengen, som består av Christian Støylen, Eirik Takle-Hillersøy, Stig Bredesen, Dag Roald Bjerk, Carl Fredrik Furset, Philip Sandberg Dixon og Arnt Harry Hellevang. Furset legg ikkje skjul på at ho trivst best saman med guttane:

– Eg likar meg godt her. Dei er berre så herlege. Vi er ein god gjeng, smiler ho.

«Pie Jesu»

Parallellt med at scenografien reiser seg i byens storstove, har skodespelarane i helga fått storfint besøk av instruktør Arvid Ones:

– Instruktøren vår varslar ein topp revy, seier revygeneral Per Øyvind Helle og legg til:

– Ones står mellom anna bak det legendariske Pie Jesu-nummeret til Ylvis. Florarevyen skal også bruke Pie Jesu, men i ein heilt anna samanheng. Publikum får også vere med på den virtuelle alarmsentralen si første utrykning, og får vite korleis det eigentleg gjekk til då Flora og Vågsøy fann tonen, seier Helle lurt.

Florarevyen har premiere fredag 17. mars.