Hege Skøyen kjem til Florø

Hege Schøyen

Hege Schøyen Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

På fredag får du sjå ho i Riksteateret si framsyning «Kollaps i kulissene» på Flora samfunnshus.

DEL

Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal setje opp sitt første, store teaterstykke, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Det går ikkje så bra. Og om du trudde at du visste kor mykje som kan gå gale på teateret, må du no tru om igjen.

Årets beste komedie

«Kollaps i kulissene» er den norske versjonen av det kritikarroste teaterstykke «The Play That Goes Wrong». Sistnemde går no på tredje året i London og blei i 2015 kåra til årets beste komedie. Det er Knut Nærum som har omsett stykket og i Riksteateret sin versjon får du møte mellom anna Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen.

Gode kritikkar

«Kollaps i kulissene» blir omtalt som ei blanding av Hotell i særklasse og Mr. Bean, og har fått terningkast 5 av både Aftenposten, Dagbladet og VG. Og som VG skreiv:

– Det er uskyldig moro, mon tro om det ikke er akkurat det vi kan trenge i tiden som kommer.

Artikkeltags