Drømmestipend-konsert i samfunnshuset

Andrea Santiago Stønjum, frå Vågsøy. Ho er kjent frå å ha gjort det skarpt i The Voice på TV2.

Andrea Santiago Stønjum, frå Vågsøy. Ho er kjent frå å ha gjort det skarpt i The Voice på TV2. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Drømmestipend-nominert ungdom frå heile fylket syter for førsteklasses opplevingar i Flora samfunnshuset fredag.

DEL

Her samlast musikarar, biletkunstnarar, band og dansarar under same tak.

– Alle er talentfulle kulturutøvarar frå fylket og representantar for mangfaldet i kulturskulane i Sogn og Fjordane, fortel Grete Berntzen, styreleiar i Norsk Kulturskuleråd i Sogn og Fjordane. 

I år er det 20 kommunar i Sogn og Fjordane som har nominert kandidatar til Drømmetipendet. Dette er kulturutøvarar på høgt nivå, og mange er i startgropa på veg til høgare utdanning. Drømmestipendet er ein fantastisk måte å setje ungdom, kultur og kulturskule på agendaen både nasjonalt, regionalt og lokalt, i samarbeid med ein viktig medspelar i norsk kulturliv, nemleg Norsk Tipping.

Det er 13. året på rad Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping samarbeider om å dele ut 100 ”Drømmestipend” til nominerte kandidater fra heile Norge, i alt ein og ein halv million kroner! Alle landet sine kommunar, uansett storleik, kan innstille kandidatar i kvar av kulturuttrykka, teater, dans, kunst, skapande skriving, musikk eller i kategorien anna.

Frå Florø er Leah Winther Brandsøy, kunst, nominert. Frå Bremanger; gitaristtalentet Hans-Kristian Holthe og Sigrid Louise Frøysland, skribent.

Artikkeltags