Slepp laus heftig tangomusikk på plate

Bella Tango i gjerningsøyeblikket hos Verdens Beste Lydstudio og Eirik Husabø.

Bella Tango i gjerningsøyeblikket hos Verdens Beste Lydstudio og Eirik Husabø. Foto:

Florø-orkesteret Bella Tango inviterer til noko så sjeldant som eit ekte plateslepp i Florø fredag.

DEL

Fredag 8. februar vert det noko så uvanleg som ein plateslepp-konsert for eit Florø-orkester. Det skjer i byens nye uformelle kulturinstitusjon;  Vesle Kinn.

BellaTango var i studioet til Eirik Molnes Husabø, Verdens Beste Studio i ein dag i oktober i fjor, og no er resultatet klart: Albumet Oblivion, med sju låtar, er ute på alle straumetenester, samt på CD.

– Eirik Husabø er ein særs profesjonell og dyktig lydteknikar og produsent, og vi er veldig nøgde med kvaliteten på innspelinga. No håpar vi at vi på denne måten kan nå ut til mange med musikken vår, og få fleire speleoppdrag, seier gitarist Jørn-lasse Refsnes.

Bandet har dessutan fått laga ein profesjonell ”live i studio”-video som ligg på Youtube, med ein av melodiane frå plata.

BellaTango er:

Sanja Dukanac, cello, Inge Reksten, trekkspel, Jørn-Lasse Førde Refsnes, gitar, og Ove Mjåtveit, kontrabass.

Kjerna av repertoaret til BellaTango eg komposisjonar av den kjende argentinske musikaren og komponisten Astor Piazzolla, som tok tak i den tradisjonelle tangoen og utvikla den vidare til spanande konsertmusikk.

– Musikken er kanskje betre eigna til lytting enn dansing, men tenker også på å samarbeide med Sunnfjord Tango, som allereie er i gang med å kurse Florø-folk i tangodans på vesle Kinn, seier Refsnes, som også strekar under at Bella Tango musikalsk sett ønsker å vere dynamiske og i stadig utvikling.

– Vi prøver å fornye oss, og ikkje stivne heilt i Piazzolla-gata. Både jazzlåtar og andre sjangrar passar godt for oss. Vi ønsker å gje ei variert musikkoppleving til folk, avsluttar Refsnes.

På konserten fredag vil orkesteret spele musikken frå plata, og publikum får også høyre nyare stoff.

Artikkeltags