Kjem til Florø i november, om helsa held.

To rustne herrer kjem til Florø i november. Om helsa held.  Foto: Stageway

To rustne herrer kjem til Florø i november. Om helsa held. Foto: Stageway

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er sju år sida Jonas Fjeld spelte på Samfunnshuset sist. No tek han med seg Ole Paus og kjem tilbake.

DEL

Ole Paus og Jonas Fjeld oppstod som To rustne herrer tilbake i 1996. I fjor feira dei 20-årsjubileum med nytt show, «Hvis helsa holder», på Chat Noir i Oslo. No tek dei med seg gitarane og dreg på turné. Flora Samfunnshus står på speleplanen i november.

Samarbeidet mellom Paus og Fjeld starta eigentleg med Fjelds plate «Svært nok for meg» i 1990. Paus skreiv tekstane til Fjelds musikk, og det vart ei stor suksess. Songar som «Engler i sneen» og «Hun kom som en engel» slo bredt an, og etablerte Fjeld som ein av våre mest folkekjære artistar.

Kvar for seg har dei bak seg eventyrlege karrierar. Ole Paus (70) har medverka på heile 42 plateutgjevingar sidan 1970, og annonserte i 2013 at han legger opp som plateartist. Han blei i 2015 innlemma Rockheims Hall of Fame. Jonas Fjeld (64), som eigentleg heiter Terje Jensen, har sidan 1972 lagt bak seg ein viktig diskografi både med Jonas Fjeld Band og som soloartist.

Som To rustne herrer har duoen gjeve ut «To rustne herrer» (1996), «Damebesøk» (1998), «Tolv rustne strenger» (2003) og «Hvis helsa holder – The Album» (2016).

19 november spelar dei i Florø. Om helsa held.

Artikkeltags