Fylte salen med folkekjære strofer

VÅRKONSERT: Her framfører Vera Krasna og Kai-Helge Rønvåg låta "Reis meg opp".

VÅRKONSERT: Her framfører Vera Krasna og Kai-Helge Rønvåg låta "Reis meg opp". Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det var eit heilnorskt repertoar Brandsøykoret hadde med seg då dei laurdag inviterte til vårkonsert.

DEL

Alt frå Olav Stedje med "Vi vandrar saman" til Plumbos "Møkkamann" var å høyre i samfunnshuset laurdag då Brandsøykoret inntok salen. Koret inviterte florøfolket til vårkonsert.  Med eit lilla lysbilete, 21 koristar og ei lun  atmosfære innleia dei konserten med ei låt som er kjend for dei fleste: "Månemannen" av Vamp. Seinare fekk dei vel 160 frammøtte høyre både "Liten Fuggel" og "Tir n'a Noir" kjend frå same band. At songane på programmet er kjende låtar som burde klinge velkjent i dei fleste sine øyrer var openbert ved at ein fleire gongar så smått kunne høyre publikum nynne med til korsongen.

- Songar som vekker minner

- Det er folkekjære låter dei fleste kan og er glad i. Ved tidlegare konsertar  har vi vist fram både Queen og Beatles, og då har folk spurt oss om vi ikkje kan ta ein heilnorsk konsert. Så denne gongen tenkte vi at vi skulle slå til, sa korleiar Nina Langedal etter dei siste tonane hadde fylt samfunnshuset og dei siste publikummarane hadde sagt sine gratulasjonar til koret.

Men ifølgje Langedal har det ikkje berre vore enkelt å få på plass ein konsert med utelukkande norske låter.

- Først laga vi ei liste over ei låtene som vi kunne tenke oss å ha med. Men det er ikkje berre å finne norske sangar, ein må notar til dei òg. Deretter laga Anna Michalska, dirigenten vår, notar til bandet då det ikkje er mogleg å få tak i. Det var ein del arbeid, men Michalska er veldig dyktig seier ho.

- U arbeidet før konserten prøvde vi å jobbe mot ei liknande stemning som TV-programmet "Hver gang vi møtes". Difor har vi valt låter som vekker minner og skapar ei koseleg atmosfære, seier korleiaren.

Klokkeklare tonar

Klangen under konserten var nydeleg og det drevne koret hadde kontroll på sangane, og kunne vise fram ei rekke talentfulle solistar. Langedal seier dei fokuserer på vise fram fleire solistar og slik skape variasjon i lyden. Men samstundes trekk ho fram lydteknikarane som eit nøkkelreiskap for å sikre ei god konsertoppleving.

- Om lyden er dårleg, er alt dårleg uansett kor flott ein syng. Vi er supernøgd med Lasse i Øyre lyd. Han er fantastisk og utruleg flink med kor, seier Langedal nøgd.
 

(Artikkelen held fram under bildeserien)

Lokale musikarar

I bandet kunne ein sjå velkjente musikarfjes frå Florø. Kiril Mitchev var med på piano og trekkspel, Arild F. Solheim var væpna med trommestikker, Erlend Baugstø klimpra på gitaren, Leszek Michalski spelte både fløyte og saksofon, og Arve Solbakken stod for bassen.

- Det er viktig for oss å ta med oss andre lokale krefter når vi har konsert. Denne gongen har vi med oss fleire lokale musikarar som også skal ha sin plass på scena, seier korleiaren.

I bandet kunne ein sjå velkjente musikarfjes frå Florø.

I bandet kunne ein sjå velkjente musikarfjes frå Florø. Foto:

Artikkeltags