Kritikarroste «Gjengangere» til Florø

Artikkelen er over 2 år gammel

Kva er det som får ei mor til å sende bort den sju år gamle sonen sin til utlandet? Fru Alving i Ibsens «Gjengangere» gjer nettopp dette. Ho gjer det av kjærleik og tenkjer at det er det beste for alle. 

DEL

Men når Osvald kjem heim etter farens død, slår fasaden sprekkar. Fortida innhentar dei. Gradvis vert dei oppdaga alle dei løyndomane ingen har snakka om. Fru Alving – som aldri har fortalt nokon sanninga om mannen sin – innser at vala ho har tatt kjem til å få fatale følger.

Er det slik at familien vår fargar liva våre og vala vi tar, sjølv når vi forsøker å fri oss frå det foreldre og generasjonar før oss har gjort? Det er dette det handlar om i Gjengangere – Ibsens kanskje aller skarpaste og mest gripande skodespel.

Regissør Bentein Baardson seier: – Ibsen minner oss om at vi alle er eit resultat av arv og miljø, og at barna kan bli «heimsøkte» for syndene som foreldra har gjort, men han gjer det vanskelegare enn som så, fordi han samtidig spør: Er vi berre summen av dette?  Er det ikkje, uansett og likevel, våre eigne handlingar som til sjuande og sist gjer oss til den vi er - og det vi alle til slutt må stå til rekneskap for: Våre eigne val og gjerningar har konsekvensar, ikkje berre for oss sjølv, men også for vår neste.

Gjertrud Jynge spelar Fru Alving, medan Gunnar Eiriksson spelar sonen Osvald.  I rolla som Pastor Manders møter du Lasse Lindtner. Elles medverkar Per Egil Aske som Snekker Engstrand og Madalena Sousa Helly-Hansen som Regine. Regi er ved Bentein Baardson.

Framsyninga kjem til Flora samfunnshus i morgon, fredag 27. oktober.

Pressa skriv:
"Gnistrende Gjengangere. Glimrende skuespillere i en oppsetning uten fiksfakserier gjør at vi blir revet med av en intens utforskning av arv kontra miljø, plikt kontra livsglede." Adresseavisen (5)

«For en lettelse en gang i mellom å se Ibsen som Ibsen» Aftenposten (5)


«Det kunne vært meg. Det kunne vært deg. Gå og se!» NRK

«Jeg tror ikke en eneste tilskuer, etter å ha sett denne forestillingen, stilte seg spørsmålet «Hva er greia med Ibsen?» Harstad Tidende, 6

«Regissør Bentein Baardson stoler på at Ibsens fortelling har kraft i seg selv til fortsatt å røre ved oss. Og det gjør den.» Dagsavisen, 5 

Artikkeltags