Då var alle billettane vekke!

to vinnarane, Ernst Sunde og Erik Jakobsen

to vinnarane, Ernst Sunde og Erik Jakobsen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag speler Vassendgutane konsert i Flora samfunnshus, og Firdaposten delte ut fire billettar.

DEL

Firdaposten hang fredag ettermiddag opp fire gratisbillettar til Vassendgutane på Firdaposten-skiltet på desken vår, og satte opp eit livestream-kamera som overvaka billettane. Billettane er sponsa av Bistro To Kokker.

Så la vi ut ein nyheitsartikkel på nett om at dei som kom først til mølla ville få billettane.

Det tok ikkje mange minutt før Erik Jakobsen var på plass for å hente sine to gratisbillettar. Så tok det ytterlegare ti minutt før Ernst Sunde kom opp trappa og inn i redaksjonen for å hente sine to billettar.

Sjølv om billettane er rive vekk, og du kjem for seint oppom, så skal du i alle fall få ein kopp kaffi og dagens papiravis av oss.

Om Vassendgutane

Bandet har turnert samanhengande i over 20 år, og har mellom anna gitt ut åtte album og tre live-dvdar. Dei er eit av Norges mest populære liveband, og no kjem dei til Florø som eit ledd i turnéen «På kryss og tvers 2017».

Til denne turnéen har dei oppgradert både lysdesign og lydproduksjon, og fokuserer meir på det visuelle. Publikum får høyre både nye låtar, og eldre låtar i nyare drakt. Dei lovar også at dei vil framføre dei største monsterhitane på turnéen.

Vassendgutane speler på Flora samfunnshus laurdag kveld.

Artikkeltags